Omegavekst i Ølen

Publisert: 16.12.06

Haugesunds Avis (Arne Frøkedal)

Serviceselskapet Omega AS si megavekst held fram. Åsmund Aarekol (23) er nummer 400 i rekkjene.

NR. 400: Torleif Heggebø ynskjer Åsmund Aarekol (t.v.) velkommen inn i den aukande Omegastaben.

I mai 2002 passerte bedrifta i Ølensvåg hundre tilsette. Denne veka blei ein ny milepåle nådd og Åsmund Aarekol er ikkje den siste som har inntatt den stadig aukande staben.

– Eg ynskte sikker jobb i bygda etter fleire år på farten. Eg har høyrt mykje godt om Omega, blant anna frå venner som jobbar her, og gleder meg stort til å begynna, seier 23-åringen, som går oppseiingstida i Realcom (tidlegare Bravida) før han skiftar beite.

25 nasjonalitetar

I fjor haust jakta Omega på 50 nye medarbeidarar. Den gong talte staben 250. Så langt i år er tilveksten 126 personar. 25 nasjonalitetar er i dag representert i selskapet som sender folk ut i store deler av verda. Dagleg leiar Petter Aalvik trur ikkje veksten stoppar med dette.

– Me har heile tida trudd det vil bli vanskeleg å halda på denne utviklinga og blitt overraska. Oljeprisane heldt seg framleis godt og vil utløysa store investeringar i oljeselskapa, seier Aalvik og spår dermed vidare vekst. Det som spelar inn er at mange flinke senioringeniørar på prosjektstyring ynskjer oppdrag gjennom Omega. Dette er folk som sjølv har god kontakt med kundar og skaffar seg oppdrag sjølv. I tillegg har dei ei god kontaktflate som gjer at også andre får vita om bedrifta.

Byggjer ut

“Liten nok til å bry seg” og “stor nok til å levera” er Omega sin viktigaste drivkraft. Ekspansjonen gjer at bedrifta byggjer seg kraftig opp i leiargruppa for å kunna yta nok service til kundar og eigne tilsette.

– Vekst er ikkje noko poeng i seg sjølv, men me har nå fått ein storleik som gjer oss handlekraftige. Internasjonalt er me likevel små, seier sjefen. Hovudkontoret i Ølensvåg er for lengst for lite og ei utbygging som er i gang, vil dobla arealet til 1.200 kvadratmeter: Likevel ikkje større enn at det blir trongt å husa alle dei 45 som er fast knytt til basen. I tillegg har dotterselskapet Omega IAT AS (byggjeteknisk konsulentverksemd) vakse til 15 tilsette.

– Sikker bedrift

Også i omsetning susar det oppover. I 2005 var driftsinntektene i konsernet på 245 millionar, som gav eit resultat før skatt på 18,5 millionar. I år vil inntektene passera 360 millionar. Åsmund Aarekol som blei pappa for eit halvt år sidan og har flytta tilbake til bygda etter fire år i Haugesund, går over til ei trygg bedrift.

– Det er godt å slå seg ned her eg har vakse opp og har mi kontaktflate, og reknar med at eg nå hamnar på ein god arbeidsplass, seier 23-åringen.