Tar kundane med sjarm

Publisert: 13.06.05

Haugesunds Avis (Arne Frøkedal)

Dette er sjefen på Haugalandet med størst medvind. Og med størst reisebudsjett.

Petter Aalvik (40) sender stadig fleire folk ut på jobb over store deler av verda. Ved inngangen til fjoråret hadde konsernet 125 tilsette. I dag kan du plussa på 99.

– Me er inne i ein svært god og aktiv periode. Rekrutteringa er avgrensinga på kor mange oppdrag me nå kan ta på oss, seier den daglege leiaren. Omega sjarmerer norske og internasjonale kundar med sin idylliske raudfarga base i Ølensvåg. Bedrifta har eigen tennisbane og båthamn, samt sin lykkebrønn ved inngangspartiet – som symbol på gode tider. Aalvik sjølv vektlegg heller Omega sine tenester, kompetanse og dyktige stab når han forklarer oppturen.

Ingen seljarar

– Vår visjon er å skapa verdiar for kunden. Når mange spør etter oss, veit me at me lukkast, seier 40-åringen.

Omega er eit serviceselskap for oljeindustrien. Ein kameratflokk i Vågen på jobb ved HMV og Kårstø såg behovet for systematisering og prosjektstyring av store byggeoppdrag. Gründerane var brødrane Sigmund og Tor Erling Lunde. Dei etablerte Omega tidleg på 90-talet og utvikla eigne databaserte løysingar på korleis ting kunne gjerast smartare. Kombinert med å senda kompetent personell ut til kunden.

– Omega har ingen seljarar, marknadsføring eller presentasjonar på oljemesser. Selskapet lever og utviklar seg eine og åleine på sitt gode rykte, fortel sjefen og sivilingeniøren blidt i kvit skjorte og fin bukse.

180 på reisefot

Konseptet krev farting i stor stil for ca 180 tilsette. Det årlege reisebudsjettet er på mellom 10 og 15 millionar kroner. Du finn dei der oljeindustrien opererer. På Melkøya (Snøhvit), i Aukra på Møre (Ormen Lange), på Kårstø (KEP2005) eller i Canada. Den største kunden er Statoil. Bedrifta er særprega med stå på-vilje, internt samhald og evne til å levera løysingar som er nyttige for kundane. Det gav i fjor ei rekkje nye prestisjenamn på kundelista. Aalvik kom inn i bedrifta gjennom vervet som styreleiar. 40-åringen, med sterke aner både i Ølen og Etne, er født i Stavanger, oppvaksen i Høyanger og gjekk gymnas i Ølen. Det var i denne tida han kom i kontakt med kameratgjengen som seinare bygde opp Omega. Nå er han gift med ei etnejente. Men busett i Sola og sjef i Ølensvåg.

Lys framtid

– Konsernomsetninga auka i fjor auka med 34 prosent og vil kanskje passera 200 millionar i år. Sjefen er tilfreds med utviklinga. Resultatet på 12 millionar før skatt tilseier at mange gjer mykje rett. Dette viser at me har evne til å takla utfordringane. Og med litt større volum kan marginane blir enda betre.

Og framtida?

– Med dagens oljeprisar ser det lyst ut. Det går opp og ned i bransjen. Nedturen vil koma igjen, men med det gode fotfeste me nå har fått også utan for Noreg, er me optimistiske, sluttar Petter Aalvik.